
Hovdasetervegen 252,
2682 Lalm,
NORWAY

Velkommen til eit opphald på Hylja Lodge.
Sikre deg nokre dagar med ro, nærvær og fjellutsikt i dei heilt nye, arkitektteikna Gjetarbuene – fire eksklusive, skiferkledde einingar, tett på naturen og med Seterstuggu like i nærleiken.
Bookinga er open, og du kan no reservere opphaldet ditt. Vi opnar dørene frå 1. juli 2026.
Book GJETARBU
Når du bookar Gjetarbu, vel du eitt prisval per gjetarbu. Prisvalet bestemmer kva opphaldet skal innehalde – frå eit roleg opphald med frukost, til middag i Seterstuggu, Hylja Ferdahug med små opplevingar, eller Hylja Ást for eit meir romantisk opphald.
Alle prisar gjeld per natt per gjetarbu, for 1–2 vaksne. Skal du bestille fleire gjetarbuer, må du velje eitt prisval for kvar av dei. Prisvala kan vere like eller ulike, men skal leggjast til per gjetarbu – ikkje per person.
På neste steg kan du òg legge til ekstra tilval, som alpakkavandring eller badstove og badestamp. Desse kan leggast til uavhengig av kva prisval du vel.
Har du gåvekort, kan du bruke førespurnadsskjemaet lenger nede på sida, så trekkjer vi beløpet frå manuelt.
Kva ønskjer du på ditt opphald?

Prispakkar

Opphald med frukost
4 600 kr
per natt per gjetarbu
Eit roleg og eksklusivt opphald i spektakulære fjellomgjevnader mellom Rondane og Jotunheimen. Vakn til frisk fjelluft og frukost i Seterstuggu, laga med lokale råvarer.
Inkludert:
Overnatting i Gjetarbu
Frukost i Seterstuggu

Opphald med frukost og
3-rettars middag
Frå 5 250 kr
per natt per gjetarbu
Eit komplett opphald på fjellet, der dagen blir runda av rundt eit godt måltid. Nyt ein utsøkt 3-rettars middag i Seterstuggu, inspirert av lokale smakar og tradisjonar.
5 250 kr for 1 vaksen / 5 900 kr for 2 vaksne.
Drikke til middagen er ikkje inkludert.
Inkludert:
-
Overnatting i Gjetarbu
-
Frukost i Seterstuggu
-
3-rettars middag

Hylja Ást - Romantisk pakke
7 100 kr
per natt per gjetarbu
Ást kjem frå norrønt og betyr kjærleik. Trekk dykk attende til stillheita i naturen og nyt eit opphald skapt for nærleik, varme og gode minne. Ved ankomst ventar champagne eller cider, ein vakker blomsterbukett og
sjokoladedyppa jordbær i Gjetarbua.
Inkludert:
-
Overnatting i Gjetarbu
-
Frukost i Seterstuggu
-
3-rettars middag
-
Champagne eller cider ved ankomst
-
Blomsterbukett
-
Sjokoladedyppa jordbær
-
Privat tid ved vår stemningsfulle bålplass. Spekefjøl med lokale e smaker.

Hylja Ferdahug
6 900 kr
per natt per gjetarbu
Ferdahug kjem frå norrønt og handlar om lysta til å reise, utforske og oppleve nye stader. Denne pakken passar for dei opplevingslystne og byr på ein unik kombinasjon av natur, dyr og lokal matkultur.
Inkludert:
Overnatting i Gjetarbu
Frukost i Seterstuggu
3-rettars middag
Guida alpakkavandring
Spekefjøl med lokale smakar etter turen
Små overraskingar ved peisen