Earlybird-tilbud ~ Bestill overnatting med koden HYLJA15 for -15 % nå i februar

Frå sommaren 2026 kan du oppleve Hylja Lodge – ein hemmelegheit mellom to fjellriker. Her ventar stillheit og kvile med levande tradisjonar som tek deg attende til ei anna tid.
Overnatt i eksklusive, arkitektteikna gjetarbuer kledde i skifer – diskret plasserte i terrenget, med få einingar, god avstand og tett nærleik til fjellet. Her får du privatliv, ro og rom som er forma for å gli inn i landskapet, ikkje bryte det.
Hylja Lodge er no under oppføring, og frå sommaren tek vi imot gjester.

Her, nesten 1000 meter over havet, opnar fjellet seg i lange blikk mot horisonten. Hylja Lodge ligg på ei gamal seter som har vore i familien sidan 1600-talet, over Lalm i Gudbrandsdalen.
Stillheita har si eiga rytme. Naturen sine skiftingar målar dagane i fargar som speglar seg både ute og inne: varmen i solbrent treverk, skogbotnen sitt djupe mørke, syretonane i mose og lyng – og skiferstein mot koparen sitt gylne skjær.
Her kan du trekkje deg attende til fjells – med god tid til berre å vere.





Her kjem gjetarbuene
← Sjå her
Visualisering av HYLJA Gjetarbu.
Redigert med KI av SMELT Media

mellom to fjellrike
Frå setra ligg verda open mellom to fjellrike.
På eine sida løftar Rondane dei mjuke, gråblå ryggane sine over dalen – stille, runde toppar som har stått vakt i generasjonar.
I bakkant reiser Jotunheimen seg – villare, spissare og meir dramatisk, med tindar tett i tett og snøflekker som held stand langt utpå sommaren.
Midt imellom desse to fjellverdene ligg Hylja som ein kvilestad. Her kan du la blikket veksle mellom dei rolege formene i Rondane og dei mektige konturane av Jotunheimen, medan lyset skiftar over toppane.
Earlybird-tilbod
Få 15 % rabatt
Bestiller du opphald i gjetarbuene sommaren 2026 innan 31. februar, får du 15 % rabatt.
Bruk kampanjekoden HYLJA15 når du bookar opphaldet, så blir prisen oppdatert automatisk.


Opplevingar mellom fjell, dyr og stillheit
Enten du vil vere aktiv eller berre senke skuldrene, er Hylja ein stad for opplevingar i roleg tempo. Rundt setra finn du godt merka stigar, utsiktspunkt og små perler i fjellskogen, og på tunet møter du dyr og levande seterliv.
Frå sommaren 2026 kan du kombinere opphald i gjetarbuene med alpakkavandring, kveld ved bålet, badestamp og badstove – eller berre ein stille rusletur i terrenget rundt.

Mat og seterstuggu
På seterkjøkkenet i Seterstuggu lagar vi enkle, rause måltid med røter i seterlivet og lokale råvarer når vi kan. Her samlast gjestene rundt bordet, med utsikt mot fjella og god tid til både mat og prat.
Opplevingar på Hylja
På Hylja er opplevingane få, gjennomtenkte og tett på naturen – frå alpakkavandring og kveldsbad i stampen til rolege turstiar og levande seterliv med dyr på beite. Alt går i eit roleg tempo, utan stress og programjag.
Sesong og opningstider
Hylja er planlagt som eit heilårstilbod. Vår, sommar, haust og vinter har kvar sine kvalitetar – frå vårlys og grøne setervollar til lange sommarkveldar, klår haustluft og stille vinterdagar med snø. Dei første gjestene i gjetarbuene ønskjer vi velkomen sommaren 2026.
Få ro til å puste
Vi har få einingar, lite støy og god avstand til kvardagsmaset. På Hylja kan du trekkje deg attende, lese ei bok, sjå ut over fjella – eller berre sitje stille ei stund. Alt er lagt til rette for at du skal få ro til å puste.

Velkommen til Hylja lodge
Eit lite fjellunivers på ein gamal seter mellom Rondane og Jotunheimen. Her er fire ting som gjer Hylja til ein stad å kome tilbake til.
Mat og Seterstuggu – rommet rundt bordet
I Seterstuggu er det alltid eit bord å samlast rundt. Her serverer vi frukost, enkle lunsjar og middagar med røter i tradisjonsmat og fjellråvarer, tilpassa årstidene og det vi har tilgang på.
Frå sommaren 2026 blir Seterstuggu samlingspunktet for gjester i gjetarbuene – ein varm stad å starte dagen roleg, og å avslutte ho med gode smakar, peisvarme og rolege samtalar.


Seterstuggu – hjartet i Hylja Lodge



Om Hylja og vertskapet
Hylja Lodge ligg på ei gammal seter over Lalm i Gudbrandsdalen, mellom Rondane og Jotunheimen. Setra har vore i familien i generasjonar, og omsorga for landskapet, seterlandskapet og historia ligg til grunn for alt vi gjer.
Bak Hylja står Åsta og Øystein – natur- og tradisjonsglade vertar som vil dele fjellro, seterkultur og lokale smakar med gjestane sine.

Ein stad blant dei skjulte – der naturen kjem nærare.
Kjem snart Hylja - ei handplukka blanding av overnatting, mat, kultur og opplevingar, der kvalitet og stillheit går først.
Spise- og samlingsrom i Seterstuggu

Seterstuggu - Hjartet på Hylja

Vedfyrt badestamp

Badstove og badstamp

Eventyrleg vinterlandskap

Vandring på fjellet med alpakka

Bålplass

Idyllisk seterliv med dyr





