Earlybird-tilbud ~ Bestill overnatting med koden HYLJA15 for -15 % nå i januar



Ein liten fjellfristad over dalen
Hylja Lodge ligg på ein stille setervoll over Lalm, der dalbotnen flatar ut og fjella tek over. Her oppe, nær tusen meter over havet, får du utsyn mot Rondane og ro mellom Rondane og Jotunheimen – tett på naturen, men langt frå kvardagen.
Setra har vore i familien sidan 1600-talet. Stiane, steingardane og slåttemarkene ber på fotefar og historier som går langt attende – og nokre forteljingar blir verande i landskapet som eit lågmælt ekko, slik segner ofte gjer. Vi tek vare på denne arven, samstundes som vi har forma Hylja som ei lita, eksklusiv gøymestad: skiferkledde gjetarbuer som går i eitt med terrenget, med få einingar, god avstand og rom som er varme, enkle og gjennomtenkte.
På Hylja er det sjeldan trengsel – og alltid tid. Tid til å kjenne lukta av våt mose, høyre vinden i furukronene og la kvelden sige inn over fjella. Resten tek vi oss av – med låg terskel, høg standard og omtanke i kvar detalj.
Velkomen til Hylja – der natur, arv og ny arkitektur smeltar saman.


Namnet er ei roleg helsing til laga i landskapet som du berre anar. Slik ønskjer vi at staden skal kjennast: diskret, utan store rop etter merksamd, men full av detaljar du kan oppdage når du senkar tempoet. Ei seter som ligg litt skjult, små hus som glir inn i terrenget, stiar som berre viser seg for den som tek seg tid.
På Hylja er det rom for å gøyme seg bort ei stund. La tankane falle til ro, legge vekk skjermane og lytte til dei låge lydane – klirring frå beitedyr, eit vinddrag over skifertaket, suset frå elva nede i dalen. Hylja minner oss om at det finst verdi i det som ikkje er heilt opplyst og ferdig forklart.


Når noko
vakkert får halde seg
litt i det skjulte

I gamle historiar og folketro finn ein ordet «hylja», som tydar å skjule, hylle, eller gøyme. Langs skogkantar og setervollar levde forteljingane om huldrefolk og dei skjulte - dei som var der, men sjeldan var heilt synlege.

Staden der dalen møter høgfjellet
Hylja Lodge ligg på Hovdaseteren, høgt over bygda Lalm i Gudbrandsdalen. Her oppe ligg setra som eit lite platå mellom Rondane i aust og Jotunheimen i vest. Frå tunet ser du dalen breie seg ut under deg, medan fjellrekkjene teiknar ein roleg horisont på kvar si side – same kvar på året du kjem.
Landskapet rundt setra er forma av århundre med seterdrift. Her finn du gamle stigar som slyngjer seg gjennom vierkratt og grasmyrar, steingardar og beitevollar - som har vore i bruk gjennom generasjonar. Om sommaren går geiter og alpakkaer og beitar på vollane, om vinteren kviler snøen som eit mjukt teppe rundt husa.
Her er det kort veg til lange turar – med merka stigar mot høgare toppar og storslagne naturopplevingar. Men du treng ikkje gå langt for å få kjensla av fjell – nokre få steg frå døra, og du står midt i stilla med utsyn så langt som blikket rekk. Her kan du gå ein roleg runde rundt setra, sjå på lyset og vende attende til varmen inne.

933 moh
ca 30 min frå Vågå/Otta
sommar- og vintersesong
Gjetarbuer i Skifer og lys
Gjetarbuene på Hylja er arkitektteikna småhus som er bygde for å gli stille inn i terrenget. Tak og veggar er kledde med skifer frå Otta og andre naturmateriale som tåler veret og høyrer heime her. Frå avstand ser bygga nesten ut som ein del av berget; først når du kjem nærare, skimtar du vindauga og lyset innanfrå.
Inne møter røff utside mjuk komfort. Treverk, tekstilar og dempa fargar hentar opp paletten frå mose, jord og furustammar. Her får du rom for pust, lange morgonar og kveldar der utsynet mot fjella er med deg heile tida – frå sofaen, frå senga, eller med døra på gløtt ein stille kveld.
På Hylja står berre nokre få gjetarbuer, kvar av dei laga for mykje privatliv og god avstand til naboen. Standard og detaljar merkst, utan at dei gjer mykje av seg. Vil du sjå meir av buene, finn du fleire bilete og praktisk informasjon på sida Gjetarbuene.



Møt VerTskapet
Bak Hylja Lodge står Åsta og Øystein, to natur- og tradisjonsglade menneske med eit sterkt ønskje om å gi gjestane ekte, jordnære og minneverdige opplevingar. For dei er Hylja meir enn ei bedrift; det er heimstaden deira, familiehistoria og ein draum om å dele fjellroa med andre.
“For oss er vertskap meir enn service – det er ei hjartesak”
Vi er opptekne av at du som gjest skal kjenne deg velkomen og godt ivareteken frå det augeblikket du kjem, til du reiser heim att. Her møter du eit vertskap som ser deg, tek seg tid til ein prat og legg stor vekt på kvalitet, autentisitet og berekraft i alt vi gjer.
Åsta og Øystein
Åsta har auge for stilla og dei små detaljane - det du fyrst legg merke til etterkvart, når du har vore her ei stund: tekoppen som alltid er varm, puta du søv på, det vesle ekstra ved frukosten. Ho kjenner seterlivet frå innsida og delar gjerne små glimt frå historia til staden – akkurat nok til at du ser landskapet med nye auge.
Øystein finn du ofte ved elden eller på kjøkkenet, med hendene i deigen eller framfor vedomnen. Han er oppteken av gode råvarer, lokale produsentar og å la smakane spegle årstidene. Mellom baking, grilling og vedbæring har han alltid eit turforslag, ein vêrrapport eller ein liten prat på lur.
Saman ser dei gjestane, helsar med namn og gjer sitt beste for at du skal føle deg både ivaretatt og fri.
Vår veg gjennom fjellet
Vi ønskjer å skape ein stad der du kan senke skuldrene og puste fritt. Difor har vi få einingar, god tid til kvar gjest og ei klar overtyding om at naturen skal få spele hovudrolla.
Plass rundt kvar gjest
Vi held kapasiteten nede og har berre nokre få einingar. Det gir deg godt med rom, mykje privatliv og stillheit når du øynskjer det.
Låg terskel, høg standard
Det skal vere enkelt å kome hit og lett å kjenne seg heime – samstundes som du merkar omtanke i alt frå sengetøy og lyssetting til maten på fatet.
Natur som hovudattraksjon
Fjell, skog og ver får spele hovudrolla. Vi brukar lokale råvarer, byggjer i solide, naturlege materialar og tek vare på setervollane som er overlate til oss.
Tid til å vere til stades
Programmet er ikkje tettpakka. Vi legg opp til at du kan senke tempoet, lytte til stilla og la tida gå akkurat så sakte at du rekk å merke ho.
Ønskjer du å booke eit opphald?

Om du kjenner at fjellet kallar, er neste steg enkelt. Frå Hylja er det kort veg til både Rondane og Jotunheimen, men først og fremst er det ein stad å lande.
På overnattingssida finn du meir om gjeterbuene og Hytta i skogen – ulike måtar å bu på, men med same rolege ramme. Under opplevingar kan du lese om vandringar, dyreliv, badstue og badestamp, og sjå korleis årstidene formar dagane her oppe.
Du vel tempoet sjølv. Vi hjelp deg med tips, ruter og praktisk informasjon når du er klar
