Earlybird-tilbud ~ Bestill overnatting med koden HYLJA15 for -15 % nå i februar

Frå morgonlys til kveldsglød

Middag på setra medan mørket legg seg rundt husa


Eit nytt seterhus, handlafta etter gamle tradisjonar, med store vindauge mot fjella og lune soner rundt peisen. Her møtest gjester frå gjeterbuene, Hytta i skogen og dagsbesøkjande for å dele måltid, historier og rolege kveldar.
Innandørs finn du borddekking i naturmaterialar, mjukt lys og ein atmosfære som gjer at stemma fell naturleg ned. Bak ei dør ligg seterkjøkkenet; i andre enden finn du dusj, toalett og ein liten butikkkrok.
I Seterstugu finn du:
-
Spise- og samlingsrom for gjester
-
Lounge og kaffekrok med utsikt mot fjella
-
Sanitærfasilitetar: dusj og toalett
-
Lite seterutsal med garn, skinn og små smakar frå området
-
Øl, vin, og gode alkoholfrie drikker

Seterstugu – hjartet på Hylja
Seterstugu er meir enn ein spiseplass – det er samlingsrommet på Hylja.
Mat og seterstugu
På Hylja Lodge er Seterstugu hjartet av setra. Her inne, mellom handlafta tømmer, skifer og levande lys, samlast gjestar og vertskap til rolege måltid og stille stunder. Ute ligg fjellet som ein mørk silhuett, medan du kjenner lukta av nykokt kaffe, nysteikt brød og ved som brenn i omnen.
Maten er laga på eige seterkjøkken, med råvarer som følgjer årstidene og landskapet rundt oss. Nokre få bord, få gjester – og god tid rundt kvar tallerken.
Matfilosofi frå seterkjøkkenet
All mat vert laga på eige seterkjøkken ~ Vi tilpassar så langt vi kan til allergiar og særskilde behov
På seterkjøkkenet i Seterstugu lagar vi maten sjøl. Vi ønskjer at måltida skal kjennast som ein naturleg del av seterlivet – enkle, rause og laga med omtanke. Menyen følgjer årstidene: friskare, lettare rettar når dagane er lyse og lange, meir fyldige gryter og ovnsrettar når kvelden kjem tidleg og vinden tek tak i husa.
Vi prioriterer råvarer frå området og let dei få hovudrollen på fatet. Difor held vi menyen liten og gjennomarbeidd – få rettar, laga frå botnen, slik at vi kan legge omtanke i kvar porsjon.



〝Vi lagar mat slik vi sjøl vil ha ho: i roleg tempo, med gode råvarer og tid til å sitje lenge ved bordet〞
Frå morgonlys til kveldsglød
Dagen på Hylja er bunde saman av små, rolege måltid. Du startar med frukost på fjellet, kan bestille enkel lunsj eller matpakke til tur, og rundar av med middag i Seterstuggu medan lyset ute skiftar frå gull til blått. Her får du ein oversikt over dei viktigaste måltida.
Frukost på fjellet
Frukost er inkludert når du bur på Hylja. Vi dekkjer bordet med brød, pålegg, frukt, noko søtt og noko varmt i koppen – akkurat passe mykje til at du er klar for ein ny dag ute. Frukosten vert servert i Seterstuggu, med utsikt mot fjella og god tid til å vakne i ditt eige tempo.
Lunsj og matpakke
Midt på dagen tilbyr vi enkle lunsjrettar og matpakkar for deg som vil halde fram ut i terrenget. Det kan vere suppe, brød og ost, smårettar eller noko varmt som gjer godt etter eit par timar i frisk fjelluft. Lunsjen er uformell – du kjem som du er, i ull eller vindjakke.
Middag på setra
Om kvelden kl. 18.00 samlar vi gjestane til middag i Seterstuggu. Vi serverer éin meny per kveld, slik at vi kan konsentrere oss om kvaliteten. Maten er inspirert av setertradisjonar og fjellkost, men tolka på vår måte – serverte på skifer- eller trebord med levande lys og roleg stemning rundt deg.
Årstidane på seterkjøkkenet
Vår
~
Lette, milde rettar når snøen slepper taket og dagane blir lengre.
Sommar
~
Friske smakar, grønt og rettar som gjer seg godt etter lange dagar ute.
Haust
~
Meir fylde i grytene, varme ovnsrettar og smakar som passar til mørkare kveldar.
Vinter
~
Enkle, varme rettar og suppebowls som held deg god og lun når kulda ligg rundt setra.
Praktisk om mat og tilval
Når du kjem til Hylja, er Seterstuggu staden du går til for mat og drikke. Her er ei kort oversikt over korleis matopplegget er når du bur hos oss, slik at du lett ser kva du kan glede deg til – og kva du kan avtale på førehand.
Kva er inkludert/ tilval
-
Frukost er inkludert til ditt opphald.
-
Øl, vin og gode alkoholfrie drikkar kan kjøpast i seterstugu. Vi har skjenkebevilling.
-
Kvar dag tilbyr vi smaksfulle lunsjrettar
-
Middag kl. 18.00 på kvelden - Må bookast.
-
Maten vert laga på seterkjøkkenet i Seterstugu
-
Enkle, rause rettar som følgjer årstidene.
Bestilling av måltid
-
Middag legges til i booking av gjetarbu / hytta i skogen
-
Ønskjer du å ete lunsj på Hylja i tillegg, sei ifrå når du sjekkar inn / ta kontakt
-
For å legge til på eit seinare tidspunkt, ta kontakt med oss
-
Særlege ønskje kan du skrive inn når du bestiller, eller ta på e-post/telefon.
-
Allergier og andre hensyn må meldes før ankomst.


Klar for eit måltid på setra?
Har du lyst til å starte dagen med frukost på fjellet og avslutte med middag i Seterstuggu medan kveldsmørket legg seg rundt setra? Når du bookar opphald på Hylja Lodge, kan du samstundes gje beskjed i skjemaet og reservere dei måltida som passar deg – eller berre gi oss eit hint om kva du ser for deg, så finn vi løysinga i lag.
Vi held oss små i både antal gjestar og antal bord. Difor løner det seg å seie frå om matønskje tidleg, særleg i høgsesong.



