

Gjetarbuene
Eksklusive gjetarbuer
Overnatt i eksklusive gjetarbuer kledde i skifer, alle med utsikt mot Rondane. På Hylja lodgje bur du på ei gammal seter, nesten tusen meter over havet, med vakre horisontar og stillheit som ein del av inventaret.
Her er det ingen mas eller støy – berre små, gjennomtenkte buer og ei lun seterstuggu der lyset frå peisen speglar seg i skiferen. Gjetarbuene ligg nært tunet, men kvar for seg, med panoramavindauge mot fjellet og naturen tett på. Felles for alle opphald er ro, vertskap som ser deg – og kjensla av å ha funne ein plass der kvardagen ikkje heilt finn deg igjen med det same.

Gjetarbuene
Arkitektteikna småhus kledd i skifer
Gjeterbuene på Hylja er små, eksklusive buer teikna spesielt for dette setertunet og terrenget rundt. Dei er bygde i naturlege materialar, med skifer og tre som hentar inspirasjon frå gamle fjøs og seterhus. Frå avstand ser bygga nesten ut som ein del av berget; først når du kjem nærare, skimtar du vindauga og lyset innanfrå.
Inne møter røff utside mjuk komfort. Treverk, tekstilar og dempa fargar hentar opp paletten frå mose, jord og furustammar. Her får du rom for pust, lange morgonar og kveldar der utsynet mot fjella er med deg heile tida – frå sofaen, frå senga, eller med døra på gløtt ein stille kveld.
Kvar bu er plassert med omtanke, slik at du både får utsikt og ei kjensle av å vere i fred, samstundes som Seterstuggu, badstue, badestamp og bålplass berre er nokre få steg unna. Her vaknar du til stille morgonar, ser lyset skifte over Rondane og kan gå ut på trammen med kaffen medan dagen sakte startar.

Gjetarbuene passar like godt for par som vil ha ei lita, luksuriøs base, som for venner eller vaksne familiar som vil dele gode måltid og turar i seterlandskapet – utan å gi slepp på komfort.
På eit opphald i ein av våre gjeterbuar, får du:
-
Eksklusiv, lita privat bu med dobbeltsenger og gjennomtenkt interiør
-
Kvar Gjeterbu har bad med toalett og vaskeservant (I seterstuggu er det bad med dusj )
-
Panoramautsikt mot fjell og seterlandskap
-
Utsøkt, lokalprodusert og heimelaga mat, servert i lune, stemningsfulle Seterstuggu
-
Tilgang til alpakkavandring (mot tillegg)
-
Godt merkte stiar og turar i nydeleg kultur- og fjellandskap rett utanfor døra
-
Parkering like ved setra, med moglegheit til å køyre opp bagasje
-
Inn- og utsjekk tilpassa rolige ankomstar og avreiser


























